Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Arkiv

Mest vist

Rådgjevande folkerøysting om kommunereforma

Det vart halde rådgjevande folkerøysting i Samnanger torsdag 16.06.2016. Meir informasjon finn du her. 


Resultatet av folkerøystinga
Resultatet av folkerøystinga finn du her


Svaralternativ i folkerøystinga
Samnanger kommunestyre vedtok 02.06.2016 at det skal haldast rådgjevande folkerøysting om kommunereforma torsdag 16.06.2016. I folkerøystinga vert innbyggjarane i kommunen bedt om å velja mellom følgjande to alternativ: 

 

  • Eg ynskjer at Samnanger skal vera eigen kommune
     
  • Eg ynskjer at Samnanger skal slå seg saman med andre kommunar


Nedanfor følgjer diverse informasjon vedrørande folkerøystinga. Dersom du ikkje finn informasjonen du treng, kan du ta kontakt med kommunen på telefon 56587400 eller på e-post til postmottak@samnanger.kommune.no


Informasjonsbrosjyre til husstandar i Samnanger
Det vil i løpet av veke 23/2016 verta sendt ut ein informasjonsbrosjyre om follkerøystinga og kommunereforma til husstandar i kommunen. Brosjyren kan du lesa nedst på denne sida, eller lasta ned frå menyen til høgre. 

Informasjon om kommunereforma finn du også her på kommunen si heimeside


Kven har røysterett ved folkerøystinga?
Ved folkerøystinga i Samnanger er det same reglar for røysterett som ved kommunestyreval, sjå vallova § 2-2. Du må ha fylt 18 år innan utgangen av 2016 for å ha røysterett.

For å ha røysterett, må du også stå i manntalet for Samnanger. 


Utlegging av manntal til offentleg ettersyn
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på Kiwi Bjørkheim, Spar Tysse og i ekspedisjonen på kommunehuset i perioden 07. - 15.06.2016. 

Det vert lagt ut manntal både for heile kommunen samla og for kvar røystekrins. 

Manntalet er teke ut pr. 01.05.2016. 

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet som er lagt ut, eller du meiner det er andre feil i manntalet, kan du klaga. Klagen skal vera skriftleg og grunngjeven og sendast til Samnanger kommune v/valstyret, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. 


Førehandsrøysting på kommunehuset
Det er høve til å førehandsrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse i perioden 07. - 15.06.2016. Opningstidene for førehandsrøystinga er som følgjer: 

Dag  Dato Opningstid
Tysdag 07.06.2016 08:30 - 15:00
Onsdag 08.06.2016 08:30 - 15:00
Torsdag 09.06.2016 08:30 - 19:00
Fredag 10.06.2016 08:30 - 15:00
Laurdag 11.06.2016 10:00 - 14:00
Måndag 13.06.2016 08:30 - 15:00
Tysdag 14.06.2016 08:30 - 15:00
Onsdag 15.06.2016 08:30 - 15:00

 


Førehandsrøysting på Samnangerheimen
Det vil verta førehandsrøysting på Samnangerheimen ein dag i veke 24/2016 (dato vert bestemt i løpet av veke 23). Bebuarar ved Samnangerheimen og andre brukarar av tenester ved sjukeheimen kan røysta i samband med førehandsrøystinga på Samnangerheimen.


Ambulerande røysting/heimerøysting
Innbyggjarar som på grunn av sjukdom/andre årsaker ikkje kan røysta ved ordinær røysting, kan søkja om å få røysta heime. Du kan søkja på følgjande måtar:

  • Ringja til kommunen på tlf. 56587400 og søkja munnleg. 
  • Senda skriftleg søknad til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. 

​Søknadsfristen er måndag 13.06.2016 (søknaden må vera komen fram til kommunen seinast denne datoen). 


Brevrøysting
Det er høve til å brevrøysta i perioden 07. - 15.06.2016. Denne ordninga gjeld for veljarar som ikkje har høve til å røysta i Samnanger verken i førehandsrøystingsperioden eller på dagen for folkerøystinga. Sjå lenke til detaljert prosedyre for brevrøysting nedanfor. 

 


Krav til legitimasjon ved røysting
Veljarar som er ukjende for røystemottakar, skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon når du kjem for å røysta. Gyldig legtimasjon må innehalda veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort med bilete og bankkort med bilete. 


Valkort
Det vert ikkje sendt ut eller produsert valkort til innbyggjarane i samband med folkerøystinga i Samnanger. 


Røystekrinsar og røystelokale torsdag 16.06.2016
Røystekrinsane vil vera dei same som ved kommunestyrevalet i 2015. Det betyr at det vil vera tre røystekrinsar. 

Røystekrins Røystelokale Opningstider 
Nordbygda Nordbygda grendahus 13:00 - 20:00
Gjerde Nesodden bedehus 13:00 - 20:00
Tysse Samnanger ungdomsskule 13:00 - 20:00


Dersom du ikkje veit kva røystekrins du høyrer til, kan du sjekka dette i manntalet som er lagt ut på Kiwi Bjørkheim, Spar Tysse og kommunehuset i perioden 07. - 15.06.2016. Du kan også ringja kommunen på tlf. 56587400. Det er ønskeleg at du røystar i din eigen røystekrins, men du kan røysta i ein av dei andre to krinsane dersom dette passar betre for deg.  


Informasjonsbrosjyre til husstandar i Samnanger
(vil bli distibuert (lagt i postkassane) til husstandar i Samnanger søndag 12.06.2016)

 

 

 

 



 



 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.06.2016
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering