Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Arkiv

Mest vist

Prosedyre for brevrøysting

Ved folkerøystinga i Samnanger i juni 2016 er det høve til å brevrøysta i perioden frå 07.06.2016 og fram til valdagen.

Denne ordninga gjeld for innbyggjarar som ikkje har høve til å røysta i Samnanger verken i førehandsrøystingsperioden eller på dagen for folkerøystinga. Nedanfor følgjer detaljert prosedyre for brevrøysting. 

Brevrøyster må vera valstyret i hende innan kl. 20:00 torsdag 16.06.2016 for å kunne verta godkjent. Veljaren er sjølv ansvarleg for at brevrøysta vert sendt så tidleg at den kjem fram til valstyret innan denne fristen. 


Framgangsmåte ved brevrøysting
 

  1. Du kan lasta ned, skriva ut og kryssa av på røystesetelen (PDF, 290 kB)  -  eller gjera som beskrive i punkt 2. 
     
  2. På eit passande kvitt ark, skriv på eitt av følgjande to moglege alternativ (eller la arket vera blankt dersom du ønskjer å røysta blankt: 

    "Eg ynskjer at Samnanger skal vera eigen kommune"

    eller

    "Eg ynskjer at Samnanger skal slå seg saman med andre kommunar"
     
  3. Legg røystesetelen/arket i ein blank konvolutt og lim igjen denne konvolutten. Du skal ikkje skriva namnet ditt på røystesetelen/arket eller på denne konvolutten. (Du kan gjerne bretta røystesetelen/arket for å få det ned i konvolutten). 
     
  4. Legg deretter den blanke konvolutten i ein ny konvolutt (omslagskonvolutt) og skriv følgjande opplysningar utanpå omslagskonvolutten: 

    - Rådgjevande folkerøysting 16.06.2016 i Samnanger kommune
    - Namnet ditt (fullt namn). 
    - Bustadadressa di (i Samnanger)
    - Fødselsnummeret ditt (11 siffer)
    - Skriv under med stad, namn og dato
    - Dersom mogleg, bør eit vitne stadfesta opplysningane du har skrive på omslagskonvolutten. Vitnet sitt namn, adresse, fødselsdato og underskrift må då skrivast på omslagskonvolutten, saman med teksten "Eg stadfestar at det er (namnet ditt) som avgir denne røysta til Samnanger kommune". 

     
  5. Ta kopi av legitimasjon (helst førarkortet ditt eller passet ditt). Gjeld legitimasjon for deg, ikkje legitimasjon for eventuelt vitne. 
     
  6. Legg omslagskonvolutten saman med kopi av legitimasjon din i ein oversendingskonvolutt og lim denne igjen. Oversendingskonvolutten skal sendast til: 

    Valstyret i Samnanger kommune
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 06.06.2016
Tilbake
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering