Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Personvern og personvernombod

Personvernerklæring for Samnanger kommune

Reglar og rettigheiter GDPR
I juli 2018 fekk Noreg ei ny personopplysningslov. Lova består av nasjonale reglar og EU si personvernforordning (GDPR - General Data Protection Regulation).

De nye reglane inneber blant anna:

  • Krav om openheit rundt innsamling og bruk av personopplysningar. Den som ber om samtykke til å bruka opplysningar skal gi klar og tydeleg informasjon om korleis personopplysningane skal brukast.
  • Bruk av personopplysningar skal begrunnast og begrensast. Det vil ikke vera lov å samla inn eller lagra personopplysningar man ikkje treng. Opplysningar som det ikkje lenger er behov for, skal slettast.
  • Uriktige eller ufullstendige opplysningar skal rettast.
  • Under visse betingelsar kan man ha rett til å ta med seg personopplysningar fra ei verksemd til ei anna.
  • Den enkelte får i visse tilfelle ein rett til å protestera mot behandling av personopplysningane sine.
  • Den enkelte kan sleppa at det blir truffe viktige avgjersler om han eller ho basert på ei helautomatisert behandling av personopplysningar.

 

Personvern i Samnanger kommune
Personvern og informasjonssikkerheit er viktig for oss! Samnanger kommune har som mål at personvern og informasjonssikkerheit skal vera ein naturleg del av verksemda vår. Samnanger kommune skal behandla personopplysningar på ein lovleg og sikker måte.

Samnanger kommune samlar inn og behandlar personopplysningar me treng for å utføra lovpålagde oppgåver og tenester, og for å kunne svara på henvendelsar me får frå deg.

Når me «behandlar» personopplysningar, betyr det for eksempel at me samlar inn opplysningene, registrerer dei, set dei saman, lagrar dei eller utleverer dei.

 

Kategoriar av personopplysningar
Samnanger kommune behandlar blant anna følgjande kategoriar av personopplysningar:

  • Kontaktopplysningar som namn, adresse, telefonnummer, e-postadresse
  • Opplysningar som er nødvendige for å identifisera deg, som fødselsnummer, d-nummer, kjønn, statsborgarskap
  • Opplysningar om dine relasjonar til andre, eksempelvis namn på ektefelle, sambuar, barn, sivilstatus
  • Opplysningar knytta til dei tjenester som du som innbyggar benyttar, eksempelvis barnehage, skule, byggesak, renovasjon m.m.
  • Helseopplysningar som diagnose, medisinar m.m.

 

Formål
Samnanger kommune behandlar personopplysningar som me treng for å utføra lovpålagde oppgåver og andre tenester og for å behandla henvendelsar me får fra deg. I nokre tilfelle er behandling av personopplysningar nødvendig for å kunne oppfylla ein avtale.


Grunnlag
GDPR artikkel 6 set krav om eit rettsleg grunnlag for behandling av personopplysningar. Mange oppgåver i kommunen oppfyller vilkåret i artikkel 6 nr. 1 bokstav e; behandling som er nødvendig for å oppfylla ei oppgåve i allmenta si interesse eller utøve offentlig myndigheit.

Mykje av det kommunen gjør er lovregulert. Sentrale lover er:

  • Kommuneloven
  • Forvaltningsloven
  • Offentleglova
  • Plan- og bygningsloven
  • Barnehageloven
  • Barnevernloven
  • Opplæringslova
  • Helse- og omsorgstjenesteloven
  • Helsepersonelloven
  • Helseregisterloven
  • Sosialhelsetjenesteloven
  • Folketrygdloven
  • Arbeids- og velferdsforvaltningsloven
  • Arbeidsmiljøloven

 

Lagringstid
GDPR artikkel 17 gir den registrerte rett til å få opplysningar som seg sjølv sletta, når opplysningane ikkje lenger er nødvendige for formålet dei vart innhenta for. Men ein vesentlig del av personopplysningane som behandlast i kommunen er omfatta av arkivlova sine bestemmelsar om journalføring og arkivering, og er unntekne frå retten til sletting. 

Personopplysningar som me behandlar på grunnlag av ditt samtykke slettast når du trekkjer samtykket tilbake.

Personopplysningar som me behandlar fordi det er nødvendig for å oppfylla ein avtale, slettast når det ikke lenger er nødvendig å oppbevara dei.



Rettigheiter

Du har rett til innsyn.
Når kommunen behandlar opplysningar om deg skal du få vita kva data som behandlast, kva opplysningane brukast til, samt kor lenge opplysningane skal lagrast.

Du kan henvenda deg til kommunen og be om å få innsyn i dine personopplysningar. Me vil svara på henvendelsen til oss så fort som mulig, og seinest innan 30 dager. Ved førespurnad om innsyn, ta kontakt med kommunen ved sørvissenteret. 

Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Telefon: 56 58 74 00

Me kan be deg om å bekrefta identiteten din eller å oppgi ytterlegare informasjon før me lar deg ta i bruk rettigheitane sine overfor oss. Me kan derfor be deg leggja ved kopi av gyldig legitimasjon. Dette gjer me for å vare sikre på at du er den du er, og at ingen andre gir seg ut for å vera deg.

Du har rett til å få korrigert opplysningane dine dersom dei ikke er korrekte.
Dersom du oppdagar feilaktige opplysningar om deg sjølv kan du krevja at me korrigerer informasjonen. I utgangspunktet skal me på eige initiativ retta mangelfulle eller feilaktige opplysningar. Men dersom du sjølv oppdagar at noko er feil ønskjer me at du tar kontakt med oss, slik at me så raskt som mogeleg kan korrigera informasjonen

Du har rett til å krevja at opplysningar om deg blir sperra eller sletta.
Me slettar eller sperrar opplysningar som ikkje lenger er nødvendige for det føremålet med samla dei inn. Dersom du meiner kommunen registrerer informasjon om deg som ikkje er nødvendig, kan du be om at denne informasjonen blir sletta. Ein vesentleg del av personopplysningane som behandlast i kommunen er omfatta av arkivlova sine bestemmelsar om journalføring og arkivering, og er unnatekne frå retten til sletting. 

Du har rett til begresing av behandling som gjeld deg sjølv.
Begrensing av opplysningane inneber at personopplysningane som samlast inn ikkje lenger kan behandlast, men framleis lagrast.

Du har rett til innsigelse.
Du kan protestera på at me behandlar opplysningar om deg.

Du har rett til å få kopi av dine data i et digitalt format.
Dette kallast retten til dataportabilitet. Du har under enkelte omstende rett til å motta opplysningar som du har gitt oss i eit digitalt format, og også rett til å få informasjon overført til ei anna verksemd dersom du ønskjer dette. Retten til dataportabilitet gjeld berre opplysningar som du har gitt til oss.

Rett til å klaga til Datatilsynet.
Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det me har beskrive her eller at me på andre måtar bryt personvernlovgjevinga, så kan du klaga til Datatilsynet. Du finn informasjon om korleis du kan kontakta Datatilsynet på Datatilsynet sine nettsider: www.datatilsynet.no

Du har rett til å få utført dine rettigheiter gratis.
Når du ber om innsyn, retting, sletting eller tar i bruk andre rettigheiter etter personvernreglane, er dette gratis, med mindre anmodningane dine er openbert grunnlause eller overdrivne. Dersom me nektar å etterkomma anmodninga di er det me som har bevisbyrde for at henvendelsane frå deg er grunnlause eller overdrivne.



Korleis utøva rettigheitene dine? 
Ta kontakt med kommunen ved sørvissenteret for informasjon:

Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Telefon: 56 58 74 00


Om automatiserte individuelle avgjerder
Samnanger kommune brukar ikkje «automatiserte individuelle avgjerder».


Forholdet til andre verksemder

Databehandlar.
Samnanger kommune er tilknytta IKT-Nordhordland (IKTNH). IKTNH har ansvar for IKT-driftstenester til kommunane Alver, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal.

Alle IKT-driftstenestene som dei einskilde kommunane tidlegare hadde ansvaret for, er no overført til IKTNH. Pliktene organisasjonen har, er beskrivne og vert regulert gjennom ein tenesteleveringsavtale og ein datahandsamaravtale mellom IKTNH og kvar einskild kommune.

Mer informasjon om IKTNH finn du på www.iktnh.no.

Kommunane har inngått ein avtale med IKTNH om behandling av personopplysningar (databehandlaravtale). 

Andre offentlege organ.
I nokre samanhengar deler kommunen personopplysningar med andre offentlege organ, til dømes med politiet ved sjekk av vandel eller skikketheit, med Statens vegvesen ved nokre typar byggesaker, eller NAV, sjukehus eller Utdanningsdirektoratet i andre samanhengar.

Taushetsbelagt informasjon vert berre delt når kommunen har heimel i lov til å dela den aktuelle typen informasjon med det aktuelle offentlege organet.

Tredjestatar og internasjonale organisasjonar
Samnanger kommunen deler ikkje personopplysningar med tredjestatar.


Informasjonskapslar/cookies
Me nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yta deg betre tenester. I hovudsak nyttar me informasjonskapslane til trafikkmåling og optimalisering av tenestene. 


Informasjonssikkerheit
Kommunen har ansvaret for at data som kommunen er tiltrudd, vert handsama på ein forsvarleg måte og i tråd med gjeldande lov- og regelverk.

I praksis vert ein del av arbeidet gjort av IKT Nordhordland (IKTNH). Datahandsamaravtalen som er inngått mellom IKTNH og kvar kommune, definerer kva rolle kommunen sjølv og IKTNH på vegner av kommunen har i arbeidet med dette.


Behandlingsansvarleg
Samnanger kommune, org.nr: 964968985
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Telefon: 56 58 74 00


Personvernombod

Samnanger kommune har inngått avtale med IKT Nordhordland (IKTNH) om kjøp av personvernombod.

Personvernombodet er innbyggjarane og dei tilsette sin kontaktperson når det gjeld behandlinga av personopplysningar. Dessutan er ombodet kommunen sin rådgjevar når det gjeld personvernlovgjevinga.

Meir informasjon om personvernombodet sine oppgåver finn du på Datatilsynet sine nettsider: Datatilsynet: Informasjon om personvernombodet sine oppgåver

Lars Erling Aarland frå IKTNH er personvernombod i Samnanger kommune. Han kan nåast på e-post: personvernombod@samnanger.kommune.no eller telefon: 56 19 27 70.


Last ned heile personvernerklæringa som PDF-fil

 

 


 

 


 


 

 

 

 

 

 


 

Sist endra 06.03.2020 12.38
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering