Adopsjon

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Når du adopterer eit barn, tek du det til deg som ditt eige. Adoptivbarnet får den samme rettslege stillinga som om barnet hadde vore det biologiske barnet ditt. Rettsforholdet til den opphavlege familien til barnet opphøyrer.

 

Adopsjonsprosessen er mellom anna avhengig av om du kjenner barnet på førehand eller ikkje.

Dei fleste adopsjonar som blir gjennomførte, er adopsjon av ukjent barn frå utlandet. Organisasjonane som formidlar barn med tanke på adopsjon, gir råd om val av land. Slik adopsjon startar med ein søknad om førehandssamtykke til å adoptere eit barn frå utlandet. Inntil adopsjonssøknaden blir send ut av landet, kan søkjarane også vere registrerte som adoptivsøkjar til eit ukjent barn innanlands.

Mange ulike situasjonar kan føre til eit ønske om adopsjon av eit kjent barn innanlands. Eit barn kan bli adoptert av stefaren, stemora eller fosterforeldra.


Oppdatert

20.04.2012 09:55

Kriterium

  • Adopsjonen skal vere til gagn for barnet
  • Adoptivsøkjarane må ha god helse både fysisk og psykisk
  • Det blir lagt vekt på trygg og stabil økonomi
  • Dei som søkjer om adopsjon saman, må være gifte med kvarandre. Det krevst minimum to års sambuar-/ekteskapstid
  • Generelt gir det born større tryggleik å ha to foreldre enn éin. For søkjarar som er einslege, blir det vurdert om dei har spesielle ressursar når det gjeld born
  • Til vanleg blir det ikkje gitt godkjenning til søkjarar over 45 år
  • Ved adopsjon av eit kjent barn, må det ha utvikla seg eit foreldre-barn-forhold over ei viss tid

 


Handsaming

Kommunen granskar søkjarar som ønskjer å adoptere eit norsk eller utanlandsk barn og gje tilråding. Deretter blir søknaden med kommunen si tilråding send  til regionkontoret i Bufetats. Regionkontoret er det statlege, regionale adopsjonsmyndet som gjer vedtak i dei fleste adopsjonssaker.


Klage

Ei eventuell klage skal sendast via regionkontoret, men må stilast til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Klagefristen er tre veker frå eit eventuelt avslag er motteke. Sjå òg www.bufetat.no.


Mottakar

Søknad om adopsjon av eit ukjent barn i Noreg eller utanlands skal sendast via barnevernstenesta i kommunen. Søknad om adopsjon av fosterbarn skal sendast via barnevernstenesta i den kommunen som har omsorga for barnet. Søknad om stebarnsadopsjon kan sendast direkte til Barne-, ungdoms- og familieetaten sitt regionkontor.


Vedlegg

Søknadsskjemaet inneheld ei oversikt over kva dokument som skal følgje søknaden. Dokument som er utarbeidde med formålet adopsjon, skal sendast i original versjon. Andre vedlegg kan sendast som kopi dersom kopien er stadfest av offentleg tenestemann eller advokat.


Rettleiing

Norske styresmakter krev at adopsjon av born frå utlandet må skje gjennom ein av dei tre adopsjonsorganisasjonane som er nemnde over. Du kan kontakte ein av dei for å få informasjon og teikne medlemskap. Stadfesting av at ein av desse har teke på seg å formidle adopsjon, er eitt av vedlegga som skal følgje søknaden, først til kommunen og så til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Kommunen kan gje råd og rettleiing om søknaden. Ved parallelle søknader om born innanlands og utanlands blir det laga to søknadssett. Du kan kontakte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), sekretariatet for Fagleg utval for adopsjonssaker, når det gjeld søknad om å bli registrert som adoptivsøkjar innanlands. Telefon 466 15 000, post@bufdir.no.


Lokal overskrift 1 - Test

Dette er ein test av lokal tilleggsinformasjon.

  • Punkt 1
  • Punkt 2
  • Punkt 3

Lokal overskrift 2 - Test

Dette er ein test (2) av lokal tilleggsinformasjon.

  1. Punkt 1
  2. Punkt 2
  3. Punkt 3

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering