Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Skal du byggje eller flytte ein avkøyrsel frå kommunal veg, må du søkje kommunen om godkjenning. Dette gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir dette behandla i byggjesaka. Gjeld det avkøyrsel frå fylkesveg og riksveg, sender du søknad til fylkeskommunen eller Vegdirektoratet.


Oppdatert

20.04.2012 10:14

Kriterium

Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Som avkøyrsel blir òg rekna tilknytting for fotgjengarar. Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinene som er gjevne av staten og kommunen. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.


Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Klage

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Desom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til Fylkesmannen. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.


Vedlegg

Situasjonskart der avkøyrselen er teikna inn.


Rettleiing

Kommunen kan gje deg informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningsliner som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering