Beskriving
Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Du har rett til barnehageplass frå august dersom barnet ditt fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året du søkjer, og du har søkt før fristen for hovudopptaket har gått ut. Dersom barnet ditt er under eitt år, kan du få tilbod om plass dersom det er ledig kapasitet.
Barnehagen skal i samarbeid og i samråd med heimen ta vare på barnet sitt behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Det skal takast omsyn til:
-
alderen til borna
-
funksjonsnivå
-
kjønn
-
sosial, etnisk og kulturell bakgrunn
Oppdatert
Kriterium
Desse blir prioriterte ved opptak:
-
Born med nedsett funksjonsevne
-
Born som barnevernstenesta har overteke omsorga for
-
Born som treng hjelpetiltak frå barnevernstenesta
I tillegg har barnehagane eigne opptakskriterium.
Målgruppe
Born 0 til 6 år som bur i kommunen.
Pris
Regjeringa fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldra må betale for ein barnehageplass.
Handsaming
Tildeling av plass skal skje etter dei fastsette opptakskriteria som gjeld for barnehagen. Ønska og behova dine skal ein leggje stor vekt på. Ved det årlege hovudopptaket skal du få skriftleg melding om og i kva barnehage du har fått tilbod om plass. Har du ikkje fått oppfylt det første ønsket ditt, har du rett til å bli sett på søkjarliste ved denne barnehagen.
Ved supplerande opptak i løpet av barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista få tilbod om plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildeling skal skje skriftleg. Mellom dei søkjarane som ikkje får tilbod om plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med rett til prioritet som skal få melding om at ein annan har fått tilbod om plassen.
Har du ikkje fått oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt om barnehageplass ved hovudopptaket, kan du krevje ei skriftleg grunngjeving.
Klage
Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket.
Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at born med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.
Vedlegg
Uttale frå sakkyndig instans skal leggjast ved søknaden dersom barnet ditt har rett til prioritet.
Rettleiing
Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av born og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er felles for alle barnehagane. Du sender eitt skjema for kvart barn du søkjer om plass for.
Referansar