Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Brukarstyrt personleg assistanse

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Er du sterkt funksjonshemma og treng praktisk og personleg hjelp i dagleglivet, kan du søkje om brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Innafor det timetalet som kommunen gjev, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som hjelpar(ar) og kva assistenten(-ane) skal gjere. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonshemminga.

 


Oppdatert

14.12.2012 14:09

Kriterium

Personar som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i dagleglivet.


Målgruppe

  • Funksjonshemma med eit samansett og omfattande behov for tenester og som er i stand til å rettleie assistenten (ta arbeidsleiarrolla). 
  • Personar som ikkje kan ta vare på denne rolla sjølv, som personar med psykisk utviklingshemming 
  • Familiar med barn som er funksjonshemma

Handsaming

Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.


Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast.Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.


Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.


Referansar

Sist endra 18.02.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering