Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Dersom du ønskjer å vere dagmamma for tre born eller fleire og kvar veke tilby opphaldstid på ti timar eller meir regelmessig, må du ha godkjenning av kommunen.
Verksemda skal ta omsyn til helsa og trivselen til borna. Det blir mellom anna stilt krav til
-
utforminga og innretninga av lokala
-
moglegheiter for aktivitet og kvile
-
reingjering og vedlikehald
-
inneklima
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.