Fastlege

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Du kan også fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for born under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Når du er på sjukeheim, har du krav på å behalde fastlegen din, men du må bruke sjukeheimslegen så lenge du bur der.

 

Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein namngjeven, allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen.


Oppdatert

29.05.2013 12:23

Målgruppe

Alle som bur i Noreg.


Pris

Du betaler eigendel.


Klage

Dersom du ikkje er nøgd med fastlegen din, kan du bruke retten til å skifte. Du har rett til å skifte fastlege inntil to gonger kvart kalenderår.


Rettleiing

Dersom du flytter frå ein kommune til ein annan, må du melde flytting til Folkeregisteret. Du får eit brev frå Nav/HELFO om fastlegar som har ledig plass på lista i kommunen. Du kan velje ein av dei, eller halde fram hos den fastlegen du allereie har.

På www.fastlegen.no kan du søkje etter ejn fastlege som du ønskjer å bruke. Der finn du lenkja til HELFO (Helsetenesteforvaltninga), der du kan tilmelde deg fastlegen – dersom vedkommande har ledig plass på lista si. Du kan òg gå direkte til http://helfo.no/privatperson/fastlegeordningen/.
Har du ikkje har internett, ring HELFO på telefon 810 59 500. Ha fødselsnummeret ditt (11 sifre) klart før du ringer. Fastlegekontoret fortel deg om tilgjengelege fastlegar og set deg på lista til den fastlegen du ønskjer deg, så sant legen har ledig kapasitet

Bytet gjeld frå den første dagen i månaden etter at bytet er registrert. Du får eit brev som stadfester at du er tildelt ny fastlege.


Referansar

Sist endra 18.02.2016