Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Forskottsskatt - betaling og innkrevjing

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), skal du betale utskriven forskottsskatt. Det same kan gjelde dersom du er deltakar i ansvarleg selskap og kan vente del av skattbart overskott frå selskapet. Vidare kan det gjelde personlege skattytarar dersom dei har større inntekter som det ikkje er teke omsyn til i det forskottstrekket dei har i lønnsinntekta. 

Dersom du får utskriven forskottsskatt, får du tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Den forskottsskatten som er utskriven, er utrekna på bakgrunn av likningsresultatet førre året. For at nye enkeltpersonføretak og deltakarar i ansvarlege selskap skal få utskriven forskottsskatt og tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskott (eller underskott) dei ventar seg det første året.

Betaling skjer til bankkontoen for skatt til skatteoppkrevjaren. Ved utelaten betaling blir det rekna forseinkingsrenter frå forfallet og fram til betaling skjer. Dersom kravet ikkje blir betalt frivillig, kan skatteoppkrevjaren setje i verk tvangsinnfordring og kostnader kan kome til etter rettsgebyrlova.

Dersom du ikkje er samd i utskrivinga av forskottsskatten, må du sende søknad om endring av utskriven forskottsskatt til skattekontoret. 


Brosjyrar

Meir informasjon finn du på heimesida til skatteetaten. Søk på Forskottsskatt (Forskuddsskatt).


Oppdatert

20.04.2012 14:02

Målgruppe

Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonføretak), deltakarar i ansvarleg selskap og eventuelt andre skattytarar som får utskriven forskottsskatt


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering