Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Freda bygningar og anlegg - tilskott

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du kan søkje om tilskott dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning på grunn av krav til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket.

Riksantikvaren kan frede bygningar og anlegg frå nyare tid som har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Dette tyder at ein ikkje kan gjere inngrep eller endringar i bygningen eller anlegget. Normalt vedlikehald som å måle bygningen, kan du gjere, men du kan ikkje gjere endringar som å rive, flytte, byggje på eller endre materialar eller fargar.


Oppdatert

20.04.2012 14:12

Kriterium

Det vil bli gjort ein fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i samband med målet med tilskottsordninga. Er du eigar og får dispensasjon fra vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:

  • tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
  • mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
  • tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av

Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.


Målgruppe

Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.


Handsaming

På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.


Handsamingstid

Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg.Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.


Søknadsfrist

Fylkeskommunen kan gje opplysning om søknadsfristen. Norsk kulturminnefond har to søknadsrundar i året. Søknadsfristen er 01.02. og 01.09.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som er behandla i fylkeskommunen. Før klagen går dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.


Mottakar

Søknad skal sendast til fylkeskommunen, som gjer ei vurdering og prioritering før søknaden eventuelt blir send vidare til Riksantikvaren. Ein kan òg sende søknad til Norsk kulturminnefond.


Vedlegg

Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.


Rettleiing

Ta kontakt med fylkeskommunen/Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga eller om kor du skal sende søknaden.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering