Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Helsestasjon

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


På helsestasjonen får du tilbod om

 

  • helseundersøking
  • barnevaksinasjonar
  • svangerskapskontroll
  • rådgjeving om helse, utvikling hos born, kosthald, osb.

Det blir lagt vekt på førebyggjande helsearbeid. Helsestasjonen samarbeider med barnehage, skule og helse- og sosialtenesta ved behov. Helsesystera kan òg komme på heimebesøk.


Oppdatert

26.03.2012 16:14

Målgruppe

Born og unge i aldersgruppa 0-20 år, gravide og føresette


Pris

Tenesta er gratis.


Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.


Rettleiing

Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.


Referansar

Sist endra 18.02.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering