Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Individuell plan - koordinering av helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du har rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester frå det offentlege hjelpeapparatet. Planen skal sikre at det til kvar tid er nokon som har ansvaret for koordinering og oppfølging. Vi oppfordrar deg som brukar til å delta aktivt med å forklare dei behova du har for tenester og kva ynske og mål du har.


Oppdatert

20.04.2012 15:03

Målgruppe

  • Personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester og/eller sosialtenester
  • Personar som deltar i kvalifiseringsprogram i regi av Nav-kontor

Klage

Høvet til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå avsnittet om lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter lov om sosiale tenester i Nav, og Helsetilsynet i fylket er klageinstans etter helselovene.

Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du òg klage på det. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har behandla saka.


Vedlegg

Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er nokon annan som søkjer for deg.


Rettleiing

Du eller dine pårørande kan ta initiativ til å få laga ein individuell plan, men hovudansvaret for utarbeidinga ligg i hjelpeapparatet.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering