https://www.samnanger.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=5&AId=183&eid=198
Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Føremålet med introduksjonsprogrammet er å gjere det enklare for flyktningar å ta del i arbeidslivet og å gjere dei meir økonomisk sjølvstendige. Det er eit krav at du bur i ein kommune etter avtale med utlendingsstyresmaktene, og at du har behov for grunnleggjande kvalifisering.
Introduksjonsprogrammet skal minst innehalde opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare i inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Deltakarar har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Personar under 25 år får 2/3 stønad.
Kommunen har plikt til å sørgje for introduksjonsprogram så snart som mogleg og innan tre månader etter at du har busett deg i kommunen. Dersom du ikkje har fått tilbodet innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til dette, med opplysninger om når du kan rekne med at introduksjonsprogrammet kan starte.
Du kan klage på vedtak om
-
tildeling av program/stønad
-
vesentlege endringar i planen
-
at programmet blir stansa
-
godkjenning av permisjon
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga går vidare dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.