Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kommunal bustad

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Nokre vil ha problem med å komme seg inn på bustadmarknaden eller å bli buande i den bustaden dei har. Kommunen har eit ansvar for å hjelpe til at alle har ein god og trygg stad å bu og skal verke med til å skaffe bustader til dei som ikkje greier det på eiga hand.


Oppdatert

21.05.2013 14:07

Kriterium

Kommunen vil vurdere kva slags type hjelp den enkelte har behov for, og kva alternativ som finst.


Målgruppe

Vanskelegstilte


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at det vil bli gjort vedtak i saka.


Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om om klagen skal bli teken til følgje


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering