Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Kommunal planlegging - medverknad

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du har rett til å uttale deg i saker som gjeld kommunal planlegging. Kommunen skal arbeide for å få størst mogleg offentlegheit og reell medverknad i planarbeidet. Særleg har kommunen eit ansvar for å sørgje for å få innspill frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge. Tidleg i planprosessen bør kommunen bestemme korleis denne medverknaden skal skje.

Kommunen skal utarbeide desse planane:

  • Kommunal planstrategi (strategiske val knytta til samfunnsutviklinga)
  • Kommuneplan (overordna plan for utvikling av kommunesamfunnet og for bruk og vern av areal i kommunen)
  • Reguleringsplan (arealplankart med avgjerder som fastlegg bruk og vern i bestemte område)

Oppdatert

24.04.2012 14:07

Målgruppe

Alle som blir berørte av dei planane som blir utarbeidde, slik som organisasjonar, brukergrupper,  næringsliv og enkeltpersonar.


Handsaming

Forslaget til kommunal planstrategi skal gjerast offentleg minst 30 dagar før behandlinga i kommunestyret. Kommunen skal sende forslag til kommuneplan og reguleringsplan på høyring til statlege, regionale og kommunale organ og til ulike organisasjonar og institusjonar som forslaget har noko å seie for. Minst eitt eksemplar av planforslaget skal vere fysisk lett tilgjengeleg, slik at alle kan setje seg inn i det. Forslaget skal også gjerast tilgjengeleg elektronisk. Det blir gitt ein frist for å uttale seg. 

  • Kommuneplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending til arealdelen i kommuneplanen er minst seks veker
  • Reguleringsplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending er minst seks veker

Innvending kan berre fremjast av offentlege styresmakter.


Klage

Det er ikkje høve til å klage på planstrategi eller kommuneplan som kommunen har vedteke. Du kan derimot klage på reguleringsplanen som kommunen har vedteke, dersom saka gjeld deg direkte eller dersom du har interesser som får følgjer for planen. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom vedtaket i kommunen blir ståande, blir saka sendt vidare til fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering