Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Konfliktråd

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Konfliktrådet har til oppgåve å mekle i konfliktar som oppstår på grunn av at éin eller fleire personar har påført andre ein skade, eit tap e.l. Partane skal sjølve aktivt bidra til å finne ei løysing. Døme på saker som kan behandlast i konfliktrådet, er nabo- og familiekonfliktar og mindre alvorlege lovbrot.

Konfliktrådet skal vere eit alternativ til tradisjonelle straffereaksjonar. Ved å mekle kan konfliktrådet hindre at konfliktar eskalerer og endar i lovbrot.


Oppdatert

20.04.2012 15:34

Kriterium

Mekling i konfliktrådet krev samtykke frå begge partane. Partane må møte personleg i meklingsmøtet. Ein kan ikkje ha med deg ein fullmektig, men konfliktrådet kan tillate at partane får bistand frå andre støttepersonar.


Pris

Tenesta er gratis.


Handsaming

Konfliktrådsleiaren vil vurdere om saka di passar for mekling. Konfliktrådet hjelper med å innhente samtykke til mekling frå andre konfliktpartar. Meklingsmøtet blir normalt gjennomført med éin mekler til stades. Meklaren avgjer om den avtalen partane kjem fram til, skal godkjennast.


Handsamingstid

Konfliktrådet har ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ca. 35 dagar (frå da du tok kontakt til saka er ferdig mekla).


Klage

Det er partane sjølve som kjem fram til ei løysing i form av ein avtale. Det er derfor ikkje høve til å klage til konfliktrådet på innhaldet i avtalen. I straffesaker har du ei angrefrist på éi veke. I sivile saker kan partane sjølve avtale ei angrefrist. Du kan klage på vedtak om at konfliktrådet avviser ei sak eller nektar å godkjenne ei avtale innan ei frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må rettast til konfliktrådet. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Sekretariatet for konfliktråda.


Rettleiing

Du kan ta direkte kontakt med konfliktrådet anten ved telefon, brev, e-post eller ved personleg oppmøte.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering