Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barneverntenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding. Barneverntenesta skal
-
leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
-
starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova
-
leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte
Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at born blir utsette for grov omsorgssvikt.
Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar. Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er motteke. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.