Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Mellombels butilbod

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg bustad på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels botilbod til deg. Kommunen skal tilby forsvarleg husvære til barnefamiliar, born og unge. Det tyder mellom anna at tilbodet i utgangspunktet ikkje gjeld for rusmiddelmisbrukarar (sjå lenkja til Kommunal bustad nedanfor).


Oppdatert

23.05.2013 08:41

Kriterium

Du treng bustad i eit nødstilfelle.


Pris

Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, vil du kunne betale delar av husleiga sjølv.


Handsamingstid

Nav-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad, vil det ofte vere nødvendig med saksbehandling i løpet av dagen.


Klage

Dersom Nav avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Før opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Lar Nav vedtaket bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering