Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Naturskadar - erstatning

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Det finst naturskadar det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei vanleg forsikringsordning. Naturskadelova regulerer det offentlege sitt tilbod om erstatning for slike skadar. Ordninga gjeld for heile den private sektor og er ikkje ei spesiell ordning for landbruket. For at skaden skal gjelde som ein naturskade som gjev grunnlag for erstatning, må

  • skaden direkte skuldast naturulykke (skred, storm, flaum, jordskjelv o.l.)
  • skaden ikke umiddelbart skuldast lyn, frost (tele) eller tørke, angrep av dyr, insekt, bakteriar, sopp e.l.
  • skaden ikkje vere skjedd på avling på rot,
  • skaden ikkje gjelde skip og småbåtar og ting i desse, luftfartøy, antenner, skilt o.l., kontantar eller verdipapir

Oppdatert

16.07.2012 12:42

Kriterium

For å ha krav på erstatning frå Statens naturskadefond må desse vilkåra vere oppfylte:

  • det må ikkje vere tilgang til å forsikre seg mot skaden ved ei alminneleg forsikringsordning
  • den skadelidande må ikkje ha krav på erstatning av tredjemann
  • naturskaden må vere skjedd på fast gods i Noreg eller på lausøyre som er i Noreg når eigaren bur eller er arbeidstakar i Noreg
  • skaden må ikkje ha skjedd på eigedom som tilhøyrer staten, ein kommune eller ein fylkeskommune, eller der nokre av desse har ein framtredande økonomisk interesse
  • skaden må vere meld til lensmannen seinast fire veker etter at skaden er inntrådt
  • skaden må vere taksert

Målgruppe

Gjeld for alle private personar og verksemder som er utsette for naturskadar


Pris

Ved naturskadehendingar som ein søkjer erstatta av Statens naturskadefond, er det ein eigendel på 10 000 kroner. Erstatninga blir redusert med 15 prosent av utrekningsgrunnlaget.


Handsaming

Fondsstyret vil gjere vedtak om erstatning. I vedtaket går det fram om du har fått erstatning eller ikkje, og eventuelt kor stor ho er. Du får ein frist på tre år frå vedtaksdato til å reparere skaden. Erstatningssummen blir utbetalt til deg når lensmannen stadfester at skaden er reparert.


Søknadsfrist

Skaden må meldast seinast tre månader etter at han skjedde. Styret for Statens naturskadefond kan, når særlege grunnar talar for det, avgjere at saker kan bli behandla sjølv om meldingsfristen er gått ut.


Klage

Du kan klage på lensmannsskjønet innan éin månad etter at du mottok det. Klagen skal du sende til lensmann eller takststyrer, som igjen sender han vidare til tingretten saman med kopi av taksten. Å klage på skjønet er det samme som å be om at det blir gjennomført eit nytt skjøn, eit overskjøn, som blir leida av tingretten. Tingretten krev eit rettsgebyr for å behandle saka. Den sida som eventuelt vinn fram med si sak, får rettsgebyret dekt av motparten.

Du kan òg klage på erstatningsvedtaket frå styret for Statens naturskadefond innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til SLF v/fondsstyret. I klagen skal du føre opp kva du ønsker endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstansen er Ankenemnda for Statens naturskadefond. Før klagen blir sendt dit, skal fondsstyret vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom styret ikkje finn grunnlag for å endre vedtaket sitt, vil saka bli sendt til Ankenemnda.


Mottakar

Melding om skaden sender du til lensmannen/politiet - utanfor lensmannsdistrikt til tingretten


Rettleiing

Dersom du har vore utsett for ein naturskade, må du melde frå om dette til lensmannen/politiet eller namsmannen. Det blir gjennomført eit lensmansskjøn, der kostnadene med å gjennopprette skaden blir taksert. Du blir invitert til å delta på skjønet og påvise skadane.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering