Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Som grunneigar står du ansvarleg for at ein oljetank på eigen eigedom alltid er i forsvarleg stand. Seinast éin månad før ein oljetank gravast ned, skal du gje skriftleg melding til kommunen om
- storleiken på tanken
- konstruksjon
- korrosjonsvern
- alder
- karttilvising av kor du ønskjer at tanken skal leggjast ned på eigedommen
Det skal utførast periodisk kontroll av oljetanken, og talet på kontrollar avheng av tanktype. Skriftleg dokumentasjon på at tanken er kontrollert og godkjend skal sendast til kommunen. Tankar som permanent blir tekne ut av bruk, skal normalt tømmast, gravast opp og leverast til eit godkjent mottak. Melding om dette skal sendast til kommunen. Nedgravde oljetankar er ei stadig større kjelde til forureining av grunn og vassdrag og kan vere til skade for både helsa og miljøet.