Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - tilskott

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til

  • skogkultur
  • vegbygging
  • miljøtiltak i skog
  • utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • utdrift av skogsvirke til energiflis
  • andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.


Oppdatert

24.04.2012 15:16

Kriterium

Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til utdrift av skogsvirke til energiflis og til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til

  • skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog
  • eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog

Målgruppe

Skogeigarar


Handsaming

Fylkesmannen gjer vedtak om tilskott til

  • vegbygging 
  • tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest, o.a.
  • utdrift av skogsvirke til energiflis 

Elles er det kommunen som er vedtaksmyndigheit.


Handsamingstid

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Statens landbruksforvaltning for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 


Rettleiing

Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiflis skrivast på skjema utarbeidd av Landbruks- og matdepartementet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for å få meir informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering