Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Psykiske helsetenester

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Dersom du har psykiske vanskar eller lidingar, har kommunen ulike tilbod som skal styrkje evna di til å meistre livet. Det kan vere hjelp til å finne sosiale aktivitetar, råd og rettleiing både til deg og dei pårørande, samtalegrupper og anna.


Oppdatert

12.03.2013 15:12

Kriterium

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.


Handsaming

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.


Handsamingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.


Klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket, og grunngi dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på måten tenesta blir utført på. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.


Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.


Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkommande ha fullmakt.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Hilde-Lill Våge      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering