Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Regionalt miljøprogram i jordbruket - tilskott

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Landbruksføretak kan søkje om tilskott knytta til Regionalt miljøprogram. Dette programmet blir utarbeidd for å møte prioriterte miljøutfordringar i fylket, både når det gjeld kulturlandskap og forureining. Målet er betre effekt av miljøinnsatsen. Regionalt miljøprogram godkjennast normalt for fire år, men mindre justeringar kan skje årleg. Fylkesmannen disponerer ei årleg tilskottsramme som blir fastsett i jordbruksoppgjeret.


Oppdatert

24.04.2012 15:21

Kriterium

Landbruksføretak som mottek produksjonstilskott og som oppfyller vilkåra for kvart einskilt tilskott. 


Målgruppe

Landbruksføretak


Handsaming

Kommunen er normalt den instansen som gjer vedtak om tilskott.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje. Dersom det er Fylkesmannen og ikkje kommunen som har gjort vedtaket, er Statens landbruksforvaltning klageinstans.


Vedlegg

For mange av ordningane blir det kravt kart som viser tiltaksgjennomføring.


Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få meir informasjon om dei ulike tilskottsordningane.


Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering