Religion, livssyn og etikk - melding om delvis fritak

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra / dei føresette få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra / dei føresette eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Skulen skal leggje til rette for at eleven får anna undervisning innanfor læreplanen. Det vil seie at eleven skal få den same kunnskapen som dei andre elevane, men på ein annan måte. Elevar som har fylt 15 år, gjev sjølve skriftleg melding. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra / dei føresette om reglane for fritak og om innhaldet i opplæringa.

Religion, livssyn og etikk er eit ordinært skulefag som normalt skal samle alle elevar. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande. Skulen skal vise respekt for elevane og foreldra / dei føresette sine religiøse og filosofiske overtydingar og sikre retten til likeverdig opplæring. Likevel kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre/føresette eller elevar opplever som problematiske.


Oppdatert

11.03.2013 13:56

Målgruppe

Elevar og foreldre/føresette til elevar


Klage

Dersom skulen ikkje godtek fritaksmeldinga, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendast dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.


Rettleiing

Foreldra / dei føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast frå. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gje skriftleg melding utan samtykke frå foreldra / dei føresette.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering