Retten til tolk i helsetjenesten

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Alle som har avgrensa norskkunnskapar, har rett til tolk når dei mottek helsetenester. God kommunikasjon og informasjon mellom pasient og helsepersonell er avgjerande for likeverdig tilgang til helsetenester av god kvalitet. Helsepersonell må nokre gonger leggje til rette informasjon og kommunikasjon for å kunne gje forsvarleg helsehjelp. Det er din rett å få god informasjon om helsetilstand og behandling på eit språk du forstår. Liv og helse kan stå i fare når helsepersonell og pasient ikkje kommuniserer godt saman. Det er helsepersonellet sitt ansvar å vurdere behovet for tolk og tinge kvalifisert tolk.

 


Oppdatert

08.05.2013 13:57

MÃ¥lgruppe

Pasientar og brukarar med avgrensa norskkunnskapar, samiskspråklege, døve, høyrslehemma og døvblinde


Pris

Tolketenesta er ein integrert del av helsetenesta og er gratis for deg som pasient/brukar.


Klage

Uakseptabel framferd frå tolken si side kan til dømes vere mangelfull eller feilaktig tolking, brot på teieplikta, at tolken blandar seg inn i kommunikasjonen på vegner av partane i samtalen, eller andre høve som gjeld tolken si rolle under tolkinga.

Nasjonalt tolkeregister kan ikkje garantere for kvaliteten i tolkeoppdrag utført av personar i registeret, men ønskjer tilbakemeldingar frå deg som tolkebrukar. Dersom du opplever at ein tolk frå Nasjonalt tolkeregister ikkje utfører oppgåva si etter retningsliner for god tolkeskikk, kan du melde frå om dette til registeret ved å sende eit brev dit. Anonyme brev blir ikkje behandla.

Du kan skrive til Nasjonalt tolkeregister, postboks 8059 Dep., 0031 Oslo, ntreg@tolkeportalen.no

Har du klagar på at det ikkje blei brukt tolk i helsetenesta, kan du finne aktuelle klageinstansar i brosjyren «Pasient og tolk».


Rettleiing

Ring til den delen av helsetenesta du har time hos (fastlege, helsestasjon, psykolog eller andre) og be dei tinge tolk. Fortell helsetenesta nøyaktig kva for språk du snakkar. Helsetenesta har plikt til å tinge tolk. Det er berre kvalifisert tolk som skal nyttast som tolk.


Referansar

Sist endra 18.02.2016