Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Returordningar for avfall

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
BIR (Bergensområdets interkommunale Renovasjonsselskap) har gjennvinningsstasjon i Raunekleiva i Samnanger.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Det finst ulike returordningar for ulike typar av avfall som skal gjenvinnast. Kommunen har plikt til å ta imot visse typar avfall. Det gjeld òg produsent eller forhandlar.

  • Kasserte elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall, inkluderer kuldemøbel) 
    Kommunen skal sørgje for at det finst eit dekkjande tilbod for mottak av EE-avfall. Du kan òg levere EE-avfall til ein forhandlar. For hushalda er dette gratis. Leverer du næringsavfall til ein forhandlar, vil det ikkje koste noko dersom du samstundes kjøper ei tilsvarande mengd EE-produkt. 
  • Miljøskadelege batteri 
    Du kan levere batteria gratis i retur til forhandlaren når dei blir kasserte. Plikta er avgrensa til den kategorien batteri som forhandlaren sel. 
  • Kasserte dekk 
    Forhandlaren har plikt til å ta kasserte dekk gratis i retur. 
  • Flasker og boksar (emballasje til drikkevarer)  
    Utsalsstader har plikt til å ta imot ei rimeleg mengd returar av tomemballasje som går inn i ei panteordning og som dei sjølve forhandlar. Du kan krevje å få pantesummen utbetalt kontant 
  • PCB-haldige isolerglassruter 
    Isolerglassruter produsert fram til 1980 kan innehalde PCB og skal leverast inn som farleg avfall. Hushald kan levere PCB-ruter gratis til kommunalt avfallsmottak. Kommunen har plikt til å motta inntil 500 kg PCB-ruter per år per avfallseigar.

Oppdatert

23.05.2013 08:54

Målgruppe

Hushald og verksemder


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering