Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
På den skolen du går, skal det vere eit tilbod om rådgiving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgiving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dem. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgivingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgivinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.
Rådgivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar.
Rådgivinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.