Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Sjukeheim - avlastingsopphald

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Personar som har omsorgsoppgåver heime, kan søkje om avlastingsopphald på sjukeheim. Den hjelpetrengande sjølv - som også kan søkje - får eit tidsavgrensa opphald i institusjon.


Oppdatert

01.02.2012 12:41

Kriterium

Personen som får avlasting, må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen. Moment som ein kan ta omsyn til, er mellom anna om søkjaren arbeider mange timar pr. månad med omsorgsarbeid, om arbeidet er meir tyngjande enn vanleg og om det fører til avbrot i nattesvevn eller sosial isolasjon.


Målgruppe

Omsorgsytarar som har et særleg tyngjande omsorgsarbeid.


Pris

Kommunen kan ikkje krevje vederlag for avlastingsopphald.


Handsaming

Kommuen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt kjem vi på eit heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du vil alltid få ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så raskt som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.


Klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan klage på avgjerda. Du kan klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Om du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen let avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om saka skal bli teken til følgje.


Rettleiing

Det er ikkje noko krav om at søknaden skal vere skriftleg. Du kan søkje munnleg over telefon.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering