Skulemiljøet

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Både elevane, dei føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld skulemiljøet. Skulen skal ta stilling til oppfordringa innan rimeleg tid og gjere eit skriftleg vedtak. Skulemiljøet omfattar både det fysiske miljøet slik som inneklima og leikeareal, og det psykososiale miljøet. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje og eventuelt gripe inn dersom dei får mistanke om at det går føre seg mobbing, vold eller rasisme på skulen.

Alle elevar i skulen har rett til eit godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.


Oppdatert

11.03.2013 12:50

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga
  • Føresette 

Handsamingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.


Klage

Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer noko vedtak, kan du likevel klage som om det var gjort eit vedtak. Klagen må vere skriftleg og grunngjeven. Klagen skal leverast til skulen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering