Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Spelemidlar til idrettsanlegg

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søkje om spelemidlar til idrettsanlegg. Spelemidlar skal medverke til at ein større del av befolkninga får høve til å drive idrett og fysisk aktivitet.  Det kan søkjast om tilskott til

  • nybygg og rehabilitering av anlegg for organisert idrett
  • rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg
  • nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde)

Oppdatert

24.04.2012 15:28

Kriterium

For idrettsanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis
  • Anlegget må vere med i ein vedtatt kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet. Det forutsetjast at organisasjonane har gjeve innspela sine i planprosessen
  • Anlegget skal ha universell utforming (vere tilgjengeleg for personar med rørsle- og orienteringsvanskar)
     

For nærmiljøanlegg med tilskott av spelemidlar gjeld mellom anna:

  • Området skal vere fritt og allment tilgjengeleg
  • Anlegget skal ikkje dekkje behov for organisert idrettsaktivitet og vanlege idrettskonkurransar
  • Reine reidskapsleikeplassar (sandkasser, husker osb.) fell utanfor ordninga

Målgruppe

Midlar til idrettsanlegg kan søkjast av mellom anna kommunar, idrettslag og ikkje-kommersielle selskap med idrett som føremål. Midlar til nærmiljøanlegg kan òg søkjast av velforeininger og burettslag. 


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen i fylkeskommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kulturdepartementet er klageinstans over vedtak som er gjort av fylkeskommunen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til departementet.


Mottakar

Skjemaet sendast til kommunen, som behandlar søknaden og sender han vidare til fylkeskommunen den 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden.


Vedlegg

Søknadsskjemaet fører opp kva for vedlegg som må vere med.


Rettleiing

Alle søknader skal setjast fram på søknadsskjema frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Kommunen kan hjelpe deg med søknaden.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering