Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 


Oppdatert

24.04.2012 12:02

Kriterium

Søkjarar som er pålagde å ha miljøplan, skal leggje ved miljøplan trinn 2. Det kan stillast vilkår til tiltaket.


Målgruppe

Føretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. Landbrukseigedommar som er eigde og blir drivne av stat, fylke eller kommune fell utanfor ordninga, med mindre tiltaket er eit fellestiltak der ein eller fleire landbrukseigedommar som har krav på tilskott, er med.


Handsaming

Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innafor tiltaksstrategien til kommunen. Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.


Handsamingstid

Kommunen vil behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan én månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.


Klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.


Rettleiing

Du fyller ut eit søknadsskjema frå Statens landbruksforvaltning. Kommunen kan gje deg rettleiing.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering