Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.
- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune
Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk kan søkje om særskilt norskopplæring til dei har gode nok kunnskapar i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen. Dersom det er nødvendig, kan elevane også ha rett til morsmålsopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Dette kan gjelde nytilflytta og andre minoritetselevar med svært avgrensa norskkunnskapar. Morsmålsopplæringa kan leggjast til ein annan skule enn den eleven går på.
Kommunen/fylkeskommunen skal kartleggje kva dugleik du har i norsk før det blir gjort vedtak om særskild språkopplæring. Slik kartlegging skal òg utførast undervegs i opplæringa, som grunnlag for å vurdere om du har tilstrekkeleg dugleik i norsk til å følgje den vanlege opplæringa.
Kommunen (for grunnskulen) og fylkeskommunen (for vidaregåande skule) har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Dersom kommunen/fylkeskommunen avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen (for elevar i grunnskulen) og klagenemnda i fylkeskommunen (for elevar i vidaregåande skule). Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.