Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Startlån bustad

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Dersom du har etableringsproblem, kan startlånet bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern, god heilårsbustad. Startlånet blir gjeve

  • som topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad
  • til utbetring av noverande bustad
  • til refinansiering slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad
  • til toppfinansiering ved bygging av ny bustad

Oppdatert

07.03.2013 12:34

Kriterium

Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet. Lånet er behovsprøvd. Dei mest vanskelegstilte skal prioriterast.


Målgruppe

  • unge i etableringsfasen
  • barnefamiliar
  • einslege forsørgjarar
  • funksjonshemma
  • flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag
  • økonomisk vanskelegstilte husstandar

Pris

Lånet følgjer rentevilkåra i Husbanken.


Handsamingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.


Klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.


Vedlegg

  • Sjølvmelding for siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Stadfesting på anna finansiering/eigenkapital
  • Kopi av gyldig legitimasjon

Sjå elles punkt 8 i søknadsskjemaet.


Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjemaet får du ved å vende deg til kommunen eller via lenkja under. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til til å søkje om startlån.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering