Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Støtte- og fritidskontakt

Beskriving

 

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:
Du kan søkje om å få støttekontakt dersom du treng hjelp til å få ei aktiv fritid eller komme ut av eit isolert tilvære. Støttekontakten får godtgjering frå kommunen. De møtast heime eller går på kafé, kino eller gjer andre aktivitetar saman. Det er dine interesser og behov som avgjer. Tenesta kan gjevast individuelt eller i gruppe.

Oppdatert

30.01.2012 12:02

Kriterium

Kommunen vil i samarbeid med deg avgjere om du skal få støttekontakt eller eventuelt andre tenester. Det er ditt eller familien sitt behov som er avgjerande.


Målgruppe

Personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem


Pris

Tenesta er gratis. Du skal ikkje betale for utgiftene til støttekontakten.


Handsaming

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Følgjer ikkje grunngjevinga med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.


Klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Let kommunen avgjerda bli ståande, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.


Vedlegg

Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.


Rettleiing

Du kan vende deg til kommunen for å få hjelp til å søkje om støttekontakt, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkomande ha fullmakt.


Referansar

Sist endra 18.02.2016
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering