Ulykkesforsikring for elevar

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Kommunen og fylkeskommunen pliktar å sørgje for ulykkesforsikring for elevane. Forsikringa skal gi dekning for nødvendige utgifter til behandling og erstatning ved død eller varig medisinsk invaliditet. Forsikringssummen ved varig medisinsk invaliditet er 5 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og ved død 1 G.


Oppdatert

11.03.2013 13:48

Kriterium

Forsikringa gir eleven dekning for ulykkesskade som har hendt 

  • på skolen i skoletida
  • på veg mellom heim og skole
  • under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet og på veg mellom heim og arbeidsplass 
  • under transport, skoleturar, idrettsdagar, leirskolar og liknande som skolen er ansvarleg for 
  • under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den stad der aktiviteten skjer
     

For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skolen, men ikkje i feriar og liknande fråvær.

Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga når årsaka til skaden er

  • forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
  • infeksjon eller stikk/bit av insekt 
  • smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde
  • psykiske skadar 
     

Målgruppe

  • Elevar i grunnskolen og vidaregåande skole
  • Lærlingar og lærekandidatar

Forsikringa gjeld ikkje elevar under opplæring spesielt organisert for vaksne  eller barn i skolefritidsordninga.


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering