Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Vegvedlikehald

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Du kan melde frå til kommunen dersom det er forhold ved ein kommunal veg som svekkjer framkomsten eller trafikktryggleiken. Det kan til dømes vere hol i vegen, manglande gatelys eller behov for brøyting. Kommunen har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale vegar. Fylkeskommunane sørgjer for fylkesvegar og staten for riksvegane. Kommunen kan stengje ein veg dersom vêr- og føretilhøva ikkje gjer det mogleg å halde han open. Vedlikehaldet omfattar køyrebane, bankettar, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåvene kan vere

  • feiing og reinhald
  • fjerning av søppel
  • klipping av vegetasjon
  • rydding i kraftsoner
  • vegoppmerking og skilting
  • brøyting og strøing om vinteren

Omfanget av desse oppgåvene blir vurdert ut frå behov og kommuneøkonomi. Dersom vegtilstanden er slik at det oppstår skadar eller ulukker, gjeld dei allminnelege erstatningsreglane. 


Oppdatert

24.04.2012 13:12

Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering