Vidaregåande opplæring for vaksne

Beskriving

Informasjonen på denne sida er henta frå Nasjonal Tenestekatalog, som er utarbeidd av Kommuneforlaget. Nasjonal Tenestekatalog inneheld generell informasjon som gjeld for heile landet. For ein del kommunale tenester har me i tillegg lagt ut informasjon frå Samnanger kommune, til dømes kontaktinformasjon og serviceerklæring.

- Informasjon om tenesta i Samnanger kommune


Tenesteskildring frå Nasjonal Tenestekatalog:


Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande skole, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring frå og med det året dei fyller 25 år. Denne retten kan i særskilte høve også gjelde ungdom som har behov for eit meir tilpassa opplegg enn det dei kan få i vanleg skole.

Opplæringa skal tilpassast behovet ditt og byggje på den formal- og realkompetanse du har frå før.


Oppdatert

24.04.2012 13:16

Målgruppe

Vaksne f.o.m. 25 år. I særlege høve også unge i alderen 16 til 24 år.


Pris

Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde eleven med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.


Handsaming

Fylkeskommunen gjer vedtak om opplæringa. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.


Handsamingstid

Fylkeskommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.


Klage

Du kan klage på vedtaket om retten til inntaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Dersom du vil klage på andre forhold ved tenesta, er det klagenemnda i fylkeskommunen som er klageinstans.


Mottakar

Fylkeskommunen


Referansar

Sist endra 20.01.2014
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering