Heimetenester

Eining for pleie og omsorg har utarbeidd eit informasjonsbrev til personar som har fått innvilga heimesjukepleie eller praktisk bistand i heimen (heimehjelp) og deira næraste pårørande. Der finn ein diverse praktisk informasjon til brukarar av desse tenestene. Innhaldet i brevet er gjengitt nedanfor. 
 

Kontaktinformasjon heimesjukepleie og praktisk bistand (heimehjelp):

Postadresse:

Eining for pleie og omsorg

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

Sentralbord:

56 58 98 50

Vakttelefon:

95 78 04 70

Besøksadresse:

Tyssevegen 97

5650 TYSSE

 

Einingsleiar pleie og omsorg  

Janne Drevsjø

56 58 98 50

Fagsjukepleiar:
 
Siv-Merete L. Holdhus
 
 
Sakshandsamar: 
 
Tone Drevsjø
 
   56 58 98 53
 

Dagsenter:

Anne Karin Røsseland

56 58 98 50

Fysioterapeut:

Åse Waage Tveit

91 64 14 97

Einingsleiar  si rolle:    (Janne Drevsjø)

Heimebesøk

Sakshandsaming knytt til søknad om t.d. heimesjukepleie, praktisk bistand

(heimehjelp ), middag, tryggleiksalarm, dagsenter og omsorgsløn, i samarbeid med sakshandsamer.

Personalansvar.

Overordna fagleg ansvar for tenesta.

 

Næraste pårørande:

Me må ha oppnemnt ein som er næraste pårørande. Det er brukar som bestemmer kven dette skal vere og kva informasjon me kan gje.

Næraste pårørande er vår kontaktperson.

Næraste pårørande informerer andre i familien ved behov.

 

Nøklar:

For å kunne gje hjelp vil me i nokre tilfelle ha behov for nøklar til inngangsdøra. Eininga må signere for motteke nøkkel og nøkkelen blir oppbevart i låst skap.  

 

Utstyr for å kunne gje tenester:

Når du tek i mot hjelp frå heimetenesta må du ha/ta imot utstyr me treng for å kunne gje hjelp. Døme på dette kan vera sjukeseng. 

 

Verdiar:

For å sikre dine og våre interesser ynskjer me at du oppbevara pengar og andre verdiar på ein trygg måte.

 

Strøing:

Om vinteren må det strøast og måkast der dette er mogleg. Strøsand må vere tilgjengeleg.

 

Parkering:

Det må vere tilrettelagt for Heimetenesta sine bilar å parkere heile året.

 

Lys:

Utelys må vera tent når det er mørkt.

 

Medisin:

Skal heimesjukepleien stå for tillaging av medisinar må du ha stor  dosett.

(Me kan hjelpa med å skaffe slike dosettar)

Frå januar 2017 er det i hovudsak multidose. Då skjer tillaginga av medisin på apotek, og de får utlevert rull med medisinar for 14 dagar, i små posar merka med dato og klokkeslett.

 

Matombringing:

Matombringing er eit tilbod kommunen har. Eigenbetaling (sjå avgifter i kommunen). Du kan søkje om å få levert middag heim. Dersom du av ulike årsaker ikkje klarar å lage middag lenger, eller at du treng å få nokre dagar i veka for å oppretthalde god ernæring. Maten blir laga på produksjonskjøkkenet på Samnangerheimen, og den blir levert varm. Du kan bestille mat frå 1 til 7 dagar i veka.

 

Fysioterapeut:
Åse Waage Tveit er kommunal fysioterapeut som etter behov arbeider med behandling, rehabilitering, tilpassing av hjelpemidlar med meir.

                                                                                                                                            

Tannhelse:

Når ein har hatt heimetenester minst 1 gg/veke i 3 md. har ein rett på gratis tannbehandling. De må sjølve kontakte tannlege for evt. time.

 

Dagsenter:

Tre dagar i veka, er det dagsenter på storstova på Samnangerheimen. Ein må søkje om å få plass her. Tenesta er for dei som bur heime, og som treng å komme seg ut i lag med andre. Det blir servert middag.

Eigenbetaling ( sjå avgifter i kommunen)

 

Tryggleiksalarm:

Det er mogeleg å søkje om tryggleiksalarm. Denne alarmen vert knytt opp til ein sentral som kan formidle til heimesjukepleia eller familie at du treng hjelp.

Eigenbetaling (sjå avgifter i kommunen).

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 23.12.2019