Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar

Informasjon om kommunepsykolog

Kommunepsykolog-tilbod 

Kommunepsykologen tilbyr hovudsakleg psykisk helsehjelp til barn og unge vaksne frå 0-23 år med milde til moderate psykiske plager. Sterke symptom på angst, depresjon og åtferdsvanskar vert prioriterte. Dette kan innebere kartlegging, behandling og rådgjeving i ein kortare periode. Fastlegane kan henvise vaksne til vurdering.
 

Det vil og vere fokus på å gje psykisk helsehjelp til barn og unge som er i risiko for å utvikle psykiske lidingar, til dømes ved reaksjonar på kriser eller belastningar. Kommunepsykologen skal vere eit lågterskeltilbod med fokus på førebygging og meistring.
 

Kommunepsykolog tilviser videre dersom det vert avdekka behov for utredning eller spesialisert behandling.
 

Kommunepsykolog tilbyr også rettleiing til foreldre, pårørande og fagpersonar.
 

Korleis få tenesta?

Helsestasjon, fastlegane, PP-tenesta, sosiallærar og anna helsepersonell kan tilvise til kommunepsykolog. Innan tre veker etter at tilvising er motteke skal du ha fått svar.
 

Målgruppe/villkår

  • Dei som nyttar tilbodet må ha bustadadresse eller ha opphald i Samnanger kommune.
  • Barn og unge i aldersgruppa 0 – 23 år vil prioriterast. 
  • Dersom barnet har behov for utgreiing av lærevanskar eller treng tilpassing i barnehage/skule skal dette gjerast gjennom PPT.
  • Har du behov for meir omfattande og langvarig behandling, kan det hende du treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Barn og unge som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP eller DPS dersom personen er fylt 18 år. Henvisning kan utarbeidast av fastlegen som kjenner til denne rutinen. 
     

Kva kostar det?

  • Tilbodet er gratis.
     

Kontakt

Kommunepsykolog

Postadresse: Tyssevegen 108, 5650 Tysse

Besøksadresse: Tyssevegen 108 (Helsetunet på Haga), 5650 Tysse.

Publisert av Linda-Sofie Frøland. Sist endra 16.04.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Kjerneside (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering