Barnehagar i Samnanger kommune

Det er tre barnehagar i Samnanger kommune, to kommunale og ein privat. Dei to kommunale barnehagane er organisert i ei eiga barnehageeining. I tillegg til drifta av barnehagane har eininga også ansvar for samordna barnehageopptak i kommunen (både for dei kommunale barnehagane og den private barnehagen på Ådland). 

Snarvegar: Dråpeslottet barnehage Vassloppa barnehage  -  Aadland gards og friluftsbarnehage (privat)
 


Gratis kjernetid


Redusert foreldrebetaling

Tilsynsrapportar

Klikk her for tilsynsrapportar for barnehagane i Samnanger.

Opningstider i barnehagane: 
Klikk her for oversikt over opningstider i barnehagane.

Skule og barnehagerute:
Klikk her for skule og barnehagerute for Samnanger. Inneheld informasjon om dato for barnehagetstart, fridagar, ferie etc.  

Søknadsfrist for barnehageplass:
Søknadsfristen for barnehageplass (hovudopptaket) i Samnanger er normalt 1. mars. Søknad skal skrivast på eige skjema, som du finn her.

Dersom du får behov for barnehageplass etter at barnehageåret har starta, kan du ta kontakt direkte med barnehagane, som kan gi informasjon om det er ledige plassar. 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 14.06.2019
Publisert 17.12.2013

Nedanfor finn du tilsynsrapportar for barnehagane i Samnanger (gjeld tilsynsrapportar frå og med 2013).  

Publisert 08.02.2013

Vassloppa barnehage har 5 avdelingar, der 4 avdelinger er i drift. Barnehagen har nyleg flytta inn i store moderne lokale i det som før var Nordbygda skule. 

For tida har Vassloppa barnehage:

  • 2 avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år

  • 2 avdelingar for barn i alderen 3 til 6 år


Barnehagen har eigen gymsal og flott turområde.

Publisert 05.02.2013
Dråpeslottet barnehage

Dråpeslottet barnehage vart opna i 2008. Barnehagen ligg på Gjerde og har 4 avdelingar:

  • 2 avdelingar for barn i alderen 0 til 3 år.

  • 2 avdelingar for barn i alderen 3 til 6 år.


Samnanger barneskule er næraste nabo.

Publisert 31.01.2011

Aadland gards og friluftsbarnehage er ein privat barnehage med plass til 32 barn i alderen 2-6 år, fordelt på 2 avdelingar (2-4 år og 4-6 år).