Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Legevakt

Legevakt

Det er felles legevaktordning for Os kommune og Samnanger kommune.


Lokalisering av legevakta
Legevakta er lokalisert i det nye beredskapsbygget (brannstasjonen) på Moberg på Os. Adressa er Mobergsbakken 111.  

Ta til venstre i rundkøyringa på Osøyro dersom du kjem køyrande frå Samnanger. Køyr opp Mobergsbakken, og du vil då sjå legevakta/brannstasjonen på toppen av bakken.


Kart
Kikk her for kart som viser kvar legvakta er lokalisert.


Opningstider og telefonnummer
Legevakta for Os og Samnanger er bemanna frå kl. 16.00 til kl. 08.00 på kvardagar og heile døgnet på laur-/søn-/høgtidsdagar. Telefonnummeret til legevakta er 116117. Dette er det nye felles telefonnummeret til alle legevakter i Norge, som vart innført 01.09.2015. For å få best mogleg vurdering og sørvis, må du oppgje følgjande når du ringjer:

  • Namn
  • Fødselsdato
  • Kva henvendinga gjeld
  • Telefonnummer


Dei som betjenar telefonen på legevaktsentralen silar ut dei som kjem med problem som skal handterast i kontoropningstida på legekontoret, som resepttingingar, sjukemeldingar og andre ting som ikkje er aktutte. Henvendelsar som ikkje kan venta, vert formidla vidare til vaktlegen.

Pasientar skal koma til legevakta på Os etter avtale med vaktlegen. På legevaktsentralen har me naudsynt utstyr til å gjera gode undersøkingar, dette har me ikkje om me ser pasienten i heimen. Det er difor langt å foretrekkja også for pasienten å koma til legevaktsentralen, sjølv om ein del oppfattar det som meir tungvint. Det kan likevel gjerast unnatak dersom det av medisinske grunnar er vanskeleg for pasienten å koma til legevaktsentralen.

Det gamle telefonnummeret til Os og Samnanger legevakt, 81568565, vil halda fram også etter 01.09.2015. Dette nummeret kan brukast dersom du oppheld deg i ein annan kommune, men ønskjer å få kontakt med Os og Samnanger legevakt. Dette kan til dømes vera aktuelt dersom du skal ringa på vegner av eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i Samnanger. 


Legehjelp på dagtid på kvardagar
På dagtid på kvardagar (kl. 08.00 - 16.00) skal ein normalt bruka eigen fastlege ved behov for legehjelp. Har du ikkje fastlege i Samnanger eller kringliggjande kommunar, kan du kontakta legekontoret ved Samnanger helsetun på dagtid for naudsynt hjelp.

  • Telefonnummeret til Samnanger helsetun er 56589100. Ring dette nummeret for vanlege henvendelsar som ikkje hastar (klikk her for informasjon om telefontider).
  • Ved behov for øyeblikkeleg hjelp på dagtid, ring 116117 (same nummeret som legevakttelefonen).  
     

Ved livstrugande tilstander
Ved livstrugande tilstander skal ein ringja medisinsk nødtelefon 113.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 01.09.2015
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 91 00
Tittel :
Kommuneoverlege
Bunnhjørne
Kjerneside (1)
Vakttelefonar (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Tone Ramsli      Webredaktør Jan Erik Boge
padlock