Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation Links(Hjem) > Kommunal organisasjon > Tilskotsordningar

Tilskot til verna kulturminne i Hordaland

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi. 

Eigarar av verna kulturminne kan no søka om tilskot frå Hordaland fylkeskommune, gjennom kommunen. 


Kva kan støttast 
Kommunane kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Hordaland som enten er:

  • Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova
  • Prioritert i kommunal kulturminneplan
  • Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi
Tilskot skal i første rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan som kurs og formidling.

Kva kan ikkje støttast
  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige
  • Tiltak på freda kulturminne
  • Ordinær vedlikehald og drift

Vilkår for tildeling
Tildeling føreset kommunal eller eventuelt anna finansiering i minst tilsvarande storleik. I særlege høve kan kravet fråvikast. Tiltaka skal fylgje antikvariske retningsliner.

Frist for å søka kommunen er 15 .november.
Send søknadsskjema til postmottak@samnanger.kommune.no  


Meir informasjon om ordninga
Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 17.10.2017
  • Utskriftsvenleg versjon
Planar, reglement, vedtekter (1)
Skjema (1)
Validator
Levert av ACOS AS
Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering