Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Tilskotsordningar

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet, eller spelemidlar, er overskotet frå spela i Norsk tipping. Midlane kan nyttast til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivanlegg. Det kan ikkje søkjast om tilskot til drift og løpande vedlikehald.

 

Ordinære anlegg
Ordniære anlegg er anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet samt eigenorganisert fysisk aktivitet. Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg som er ope for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle).

 

Nærmiljøanlegg
Nærmiljøanlegg er anlegg eller område for eigenorganisert fysisk aktivitet, som hovudsakleg er plassert i tilknyting bu- og/eller opphaldsområde. Nærmiljøanlegg er berre utandørsanlegg. Området skal vera fritt allment tilgjengeleg og skal brukast til eigenorgansiert fysisk aktivitet. Nærmiljøanlegg skal ikkje dekka behovet for anlegg til orgainsert idrettsleg aktivitet eller ordinære konkurransar i idrett.

 

 

SØKNADSPROSESS

 

1. Kontakt kommunen for å registrera anlegget i anleggsregisteret

 

2. Oppføring av anlegget i kommunen sin plan

For at anlegget skal kunne bli tildelt midlar, må det vera omtalt i kommunen sin Plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette skjer etter at laget eller organisasjonen melder inn planane til kommunen, som deretter vurderer dette i ein planprosess. Send innspel til plan til post@samnanger.kommune.no
Frist 30.juni. 

 

3. Send inn spelemiddelsøknaden

Når anlegget er oppført i kommunal plan og registrert i anleggsregisteret kan ein sende inn søknad om tilskot på www.anleggsregisteret.no. Her finn du óg krav om dokumentasjon. Pass på å ha øvrig dokumentasjon klar til innsending av søknad. 
Frist 15. oktober.

 

4. Kommunen prioriterer søknaden, og oversender til fylkeskommunen

Kommunen tar i mot alle søknadar om tilskot til ordinære anlegg og til nærmiljøanlegg. Kommunen kontrollerer, og prioriterer alle søknadar. Uansett om søknaden er i komplett stand eller ikkje, så vert alle søknadar overført il fylkeskommunen innan 15. januar kvart år. Det er fylkeskommunane som sluttbehandlar søknadane.

 

5. Fylkeskommunen gjennomgår og behandlar søknadane innan 15. mars

6. Kulturdepartementet fordelar spelemidlar til fylkeskommunane innan 1. mai

7. Fylket innvilgar eller avslår søknader og sender svar til søkjar innan 1. juli

 

 

Viktige lenker i søknadsprosessen 

www.anleggsregisteret.no finn du utfyllande informasjon om tilskotsordninga, vilkår og krav, søknadsprosess, søknadsskjema, hjelp til utfylling, dokumentasjonskrav og om rekneskap.

 

På Kulturdepartementet sine sider finn du ei oversikt over publikasjonar om idrettsanlegg.

 

På Samnanger kommune sine sider finn du Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Sist endra 20.09.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering