Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Kommunal organisasjon > Tilskotsordningar

Tilskot til lokale kulturbygg

Tilskot til lokale kulturbygg skal vera med på å etablera eigan lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd i Hordaland.

Tilskot kan gjevast til kulturhus, fleirbrukslokale eller spesiallokale for kunst og kultur, som scenekunstlokale, konsertsal eller formidlingslokale for biletkunst. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.


Kven kan søkja?
Alle ikkje-kommersielle, demokratisk oppbygde organisasjonar (vedtekter må vera godkjende) kan søkje om tilskot: kommunar, lag, foreiningar, stiftingar, samvirkeføretak, samvirkelag og aksjeselskap.


Kva kan støttast?
Lokale det vert søkt støtte til må vere planlagd ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturbygg bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen. Bygningane skal i størst mogleg grad fungere som kulturelle møtestader for alle grupper.

Lokala skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn.

Ein kan søkje om 1/3 av total godkjend kostnad på prosjektet. Nedre grense for total, godkjend kostnadsramme er 150 000 kroner. Minste tilskotssum er då 50 000 kroner. For kulturarenaer der fleire separate kulturfunksjonar inngår, vert det høve til å sende inntil tre ulike søknadar om tilskot.


Søknadsprosess

  • Kontakt kommunen for å registrera anlegget i anleggsregisteret. 
  • Søknader om tilskot må sendast til kommunen for sakshandsaming. Kommunen skikkar godkjente søknader til fylket.
  • Ein sender søknad til kommunen via søknadsskjema på www.anleggsregisteret.no.            


Frist 15. januar.


Sakshandsaming
Kommunen kontrollerer søknaden og setter opp ei prioritert liste over søknader som er kome inn. Kommunen vidaresender søknadane og den politisk vedtekne prioriteringslista til fylkeskommunen innan 30. april.


Viktige lenker i søknadsprosessen
På www.anleggsregisteret.no  og nettsidene til Hordaland fylkeskommune finn du utfyllande informasjon om tilskotsordninga, vilkår og krav, søknadsprosess, søknadsskjema, hjelp til utfylling, dokumentasjonskrav og om rekneskap.

   

 

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 03.05.2019
  • Utskriftsvenleg versjon
Telefon :
56 58 74 09
Mobil :
474 65 510
E-post :
meline.heimdal.haugland@samnanger.kommune.no
Tittel :
Leiar kulturavdeling
Bunnhjørne
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering