Framsida - kontakt og sjølvbetjening KontaktTelefon- og epostlisteNødtelefonar / vakttelefonar
Skip Navigation LinksHovedmeny > Lokaldemokrati > Nyhende/kunngjeringar
Publisert 16.12.2016
25-årsjubilantar 2016

Fem tilsette har i år 25-årsjubileum som medarbeidarar i Samnanger kommune. Dette vart markert med ei tilstelling på kommunehuset 14.desember 2016, der rådmannen og einingsleiarane deira var til stades.  Dei fem medarbeidarane som hadde 25-årsjubileum i kommunen i 2016 var: 

  • Mariann T Sandvik
  • Irene Tveit Haugen
  • Astrid Håhjem
  • Kari Dyrhovden
  • Kjersti Nordvik. (Ho var ikkje til stades på markeringa)

På tilstellinga 14. desember vart det i tillegg til talar og kakespising overrekt blomar og gåve frå kommunen. 

Publisert 30.11.2016

Framlegg til økonomiplan 2017 - 2020 for Samanger kommune ligg til offentleg gjennomsyn i perioden 30.11 - 15.12.2016. Budsjett for 2017 er ein del av økonomiplanen.  

Publisert 10.11.2016
20161109_193548 (007).jpg

 Ungdomsrådet er konstituert

Publisert 12.10.2016

Kommunestyret vedtok 23.06.2016 at Samnanger vil halda fram som eigen kommune.  

Publisert 12.10.2016

Den 01.09.2015 vart det innført nytt nasjonalt legevaktsnummer for heile Norge. Nummeret er 116117, og dette ringer du for å koma i kontakt med den lokale legevakta, uansett kor i landet du ringer frå. Telefonnummeret er gratis å ringa til frå både fasttelefon og mobil. Dette nummeret skal du nytta når du treng øyeblikkeleg hjelp utanom fastlegens åpningstid.

 

Publisert 16.06.2016
Resultat folkerøysting 16. juni 2016

Det vart fleirtal for at Samnanger skal vera eigen kommune. Dette alternativet fekk 666 røyster, medan 388 røysta for at Samnanger skal slå seg saman med andre kommunar. 

Publisert 02.06.2016

Frå 01.06.2016 er det Bergen barnevern avdeling Arna som tek hand om barneverntenestene også i Samnanger. Dei har kontor i 3. etasje på Øyrane Torg i Indre Arna. 

  • Utskriftsvenleg versjon
Validator
Levert av ACOS AS
Tyssevegen 217, 5650 Tysse (orgnr. 964968985)      Ansvarlig redaktør Charlotte Hageberg      Webredaktør Jan Erik Boge
Login for redigering