Publisert 13.09.2013
Faksimile frå Samningen

Lokalavisa Samningen hadde 27.06.2013 ein reportasje med tittelen "Samnanger går føre i pasientsikkerheit". Der kunne me lesa at Samnanger ligg først i løypa når det gjeld å sikra rett legemiddelbruk til eldre og pasientar som bur heime.  

Publisert 21.03.2013

Søknad om kulturstipend til unge i aldersgruppa 13-25 år

Publisert 29.11.2012

Mange innbyggjarar har fått spørsmål frå seljarar over telefon om å føreta radonmåling i bustadane sine. Nokre seljarane påstår at kommunen har avtale om slike målingar. Dette stemmer ikkje. Kommunen har ikkje inngått nokon avtalar med noko firma om slike målingar. Dei avtalane som er inngått handlar om radonmålingar i kommuneale bygg.

Samnanger kommune kjenner heller ikkje til at det er område i Samnanger som er spesielt utsette for radon.

Publisert 16.11.2012

Kommunestyret vedtok 13.11.2012 gebyrregulativ for bygge- og delingssaker, plansaker og saker etter matrikkellova. Gjeld frå 01.01.2013.

Regulativet kan lastast ned nedanfor.


Publisert 09.11.2012


Ettersøksplikt
Ved mistanke om skadeskyting av vilt, har jaktlaget plikt til å setja i verk søk. Daude dyr kan representera ein fare for vassforsyninga i kommunen. Dersom søket er resultatlaust, skal kommunen v/Landbrukskontoret varslast.

Publisert 28.09.2012

Onsdag 26.09.2012 var det folkemøte på Tysse om North Connect-prosjektet. Lysarka frå møtet er no lagt ut på kommunen sine nettsider.

Publisert 14.03.2012

(Oppdatering 2018: Kystsoneplanen vart sett ut av kraft 13.12.2017, då kommunestyret vedtok ny arealdel av kommuneplanen for Samnanger. Denne erstatta då mellom anna kystsoneplanen). 

Kommunestyret gjorde 22.02.12 endeleg vedtak i saka.

Første Førre | Neste Siste