Varsling 24

Gjennom systemet Varsling 24 kan Samnanger kommune raskt gje publikum informasjon om til dømes kokevarsel på drikkevatn og vegstengingar/vegras. Systemet vert brukt til å senda ut sms-meldingar til innbyggjarar i kommunen.

Nedanfor finn du informasjon om systemet og om kven som får sms-meldingar frå Varsling 24.   

Det er ulike varslingsformer i Varsling 24. Dei to vanlegaste er adressevarsling og kartvarsling:

Adressevarsling
Her går kommunen inn på adresseregisteret i Samnanger og vel ut dei adressene som skal varslast. Til dømes kan ein velja alle adresser i Liavegen, eller nokre adresser i Samnangervegen og Solbjørgvegen.

Kartvarsling
Her går kommunen inn og markerer eit område på kartet. Det vil då verta sendt varsling til dei adressene som ligg innanfor det markerte området.

Det kan også sendast varsling til alle adresser i kommunen, eller til førehandsdefinerte ”grupper” av adresser.

Korleis virkar systemet?
Varsling 24 har kopling mot det nasjonale eigedomsregisteret (matrikkelen) og mot Opplysningen 1881. Når ei adresse vert valt, søkjer Varsling24 etter kven som er eigar/heimelshavar i matrikkelen. Desse opplysningane vert så kopla mot 1881 sitt telefonregister. Vidare søkjer Varsling 24 i 1881 sitt telefonregister etter andre personar enn eigar/heimelshavar som er registrert med telefonabonnement på den aktuelle adressa (dette kan til dømes vera leigetakarar).

For at du skal få varsling frå Varsling 24, er det viktig at du er registrert med rett namn, gateadresse, postnummer og poststad i 1881 sitt telefonregister. Du kan sjølv sjekka dette på www.1881.no. Der kan du også endra opplysningane om deg dersom dei er feil. Dette gjer du ved å gå inn på www.1881.no, søkja fram namnet ditt der og gå vidare inn på ”Endre dine opplysninger”.

Dersom du ønskjer å få varslingar som gjeld andre adresser i kommunen enn der du bur (til dømes arbeidsplassen din), kan også dette ”ordnast”. Du må då gå inn på www.varslemeg.no. Der må du registrera mobilnummeret ditt og adressa du ønskjer å få varslingar om. Registrering på www.varslemeg.no kan også vera aktuelt for personar som har ”hemmeleg telefonnummer” og som derfor ikkje er registrert i 1881 sitt telefonregister.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 24.11.2017