Eigedomsskatt i Samnanger kommune

Samnanger kommune hadde til og med 2014 berre eigedomsskatt på såkalla "verk og bruk". Frå og med 2015 er det også innført eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar.

På sidene nedanfor vil du finna informasjon om innføringa av eigedomsskatt på bustader, fritidsbustader og næringseigedomar.

Du kan også ta kontakt med kommunen dersom du har spørsmål om eigedomsskatt:



(Klikk her dersom du ikkje får opp oversikta over artiklar om eigedomsskatt nedanfor.) 

Eigedomsskatt
Publisert 30.12.2016

Kommunestyret har vedteke at den generelle eigedomsskattesatsen for 2017 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane har kommunestyret vedteke at skattesatsen i 2017 skal 2,4 promille.  

Publisert 28.01.2016

Nedanfor finn du informasjon om klagereglar for eigedomar utan formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Slike eigedomar vert takserte av kommunen. Klagefrist i 2017 er 13. mars. 

Publisert 28.01.2016

 Nedanfor finn du informasjon om klagereglar for eigedomar med formuesgrunnlag frå Skatteetaten. 

Publisert 05.01.2016

Eigedomsskatt vert fakturert saman med øvrige kommunale avgifter, fire gongar per år. Betalingsfristane er vanlegvis som følgjer:  

  • 1. kvartal  -  20. februar
  • 2. kvartal  -  20. mai
  • 3. kvartal  -  20. august
  • 4. kvartal  -  20. november
Publisert 22.12.2015

Kommunestyret har vedteke at den generelle eigedomsskattesatsen for 2017 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane har kommunestyret vedteke at skattesatsen i 2017 skal 2,4 promille.  

Publisert 22.06.2015

Kommunen fekk i 2015 inn nokre søknader om fritak for eigedomsskatt. Desse søknadane vart behandla av kommunestyret hausten 2015.

Publisert 22.06.2015

Kommunen fekk inn ein del klagar på utskriven eigedomsskatt for 2015. Av kapasitetsmessige årsaker er alle klagane dessverre enno ikkje behandla.  

Klagar som gjeld formuesgrunnlag vert behandla av Skatteetaten, ikkje av kommunen. Kommunen får kopi av Skatteetaten sine vedtak i slike klagesaker. Dersom Skatteetaten endrar formuesgrunnlaget, korrigerer kommunen skattegrunnlaget og eigdomsskatten fortløpande, og sender ut brev med ny skattesetel.     

Publisert 27.03.2015

Kommunestyret har vedteke at den generelle eigedomsskattesatsen for 2015 i Samnanger kommune er 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane har kommunestyret vedteke at skattesatsen i 2015 er 2,4 promille. 

Publisert 29.12.2014

Kommunestyret gjorde 17.12.2014 vedtak vedrørande eigedomsskatt for 2015. Det vart gjort vedtak om skattesatsar, botnfrådrag og om kva eigedomstypar som skal få fritak frå eigdomsskatt. Heile vedtaket kan du lesa her.

Den generelle eigdomsskattesatsen i Samnanger for 2015 er 7 promille. Denne satsen gjeld ikkje for bustader og fritidseigedomar  -  for desse eigedomstypane er skattesatsen for 2015 på 2,4 promille.

Publisert 29.12.2014

Kommunestyret gjorde 17.12.2014 vedtak om eigedomsskatt for 2015. Det vart gjort vedtak om skattesatsar, botnfrådrag, fritak m.m.

Publisert 21.11.2014
Publisert 21.11.2014

Publisert 21.11.2014

Publisert 21.11.2014