Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Her finn du diverse informasjon om kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. Valdagen var måndag 14.09.2015.  

Innhald:

 



Valresultat for Samnanger





Røystestader og opningstider på valdagen
 

Røystestader og opningstider på valdagen 14.09.2015
Røystekrins Røystelokale Opningstid
Nordbygda Nordbygda grendahus 10.00 - 20.00
Gjerde Nesodden bedehus 10.00 - 20.00
Tysse Samnanger ungdomsskule 10.00 - 20.00





Førehandsrøysting
I perioden 10.08.2015 - 11.09.2015 er det tilbod om ordinær førehandsrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015. I tillegg er det i perioden 01.07.2015 - 09.08.2015 tilbod om såkalla tidlegrøysting. 

Tidlegrøysting i perioden 01.07.2015 - 09.08.2015
I perioden 01.07.2015 - 09.08.2015 er det høve til å tidlegrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse. Denne ordninga gjeld for veljarar som ikkje kan røysta på valdagen 14.09.2015, eller ved den ordinære førehandsrøystinga i perioden 10.08.2015 - 11.09.2015. Personar som ønskjer å tidlegrøysta, må kontakta kommunen på telefon 56 58 74 00 for å avtala tid. Tidlegrøystinga må skje i opningstida på kommunehuset, som er kl. 08.30 - 15.00. 

Førehandsrøysting i perioden 10.08.2015 - 11.09.2015
Frå 10.08.2015 kan du førehandsrøysta i ekspedisjonen på kommunehuset kl. 08.30 - 15.00 på kvardagar. Det vert i tillegg høve til å førehandsrøysta same stad torsdag 03.09.2015 kl. 18.00 - 20.00, laurdag 05.09.2015 kl. 10.00 - 14.00 og torsdag 10.09.2015 kl. 18.00 - 20.00. 

Ambulerande røysting/heimerøysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan røysta ved ordinær røysting, kan søkja om å få røysta heime. Du kan søkja skriftleg til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, eller du kan søkja munnleg ved å ringja ekspedisjonen på kommunehuset på tlf. 56587400. Søknaden må vera komen til kommunen seinast tysdag 08.09.2015.  

Førehandsrøysting på Hamnahaugen
Det vil verta tilbod om å førehandsrøysta på Hamnahaugen for bebuarar ved sjukeheimen og andre brukarar av pleie- og omsorgstenestene måndag 07.09.2015. 

Førehandsrøysting ved Vaksdal sjukeheim
Det vil verta tilbod om førehandsrøysting ved Vaksdal sjukeheim for pasientane frå Samnanger som bur der i byggeperioden for nytt sjukeheimsbygg i Samnanger. Det er Vaksdal kommune som har ansvaret for tilbodet om førehandsrøysting ved Vaksdal sjukeheim. 



Krav til legtimasjon ved røysting
Veljarar som er ukjende for røystemottakar, skal legitimera seg. Ta difor med legitimasjon når du kjem for å røysta. Gyldig legitimasjon må innehalda veljaren sitt namn, fødselsdato og bilete. Eksempel på gyldig legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.



Valkort
Det vert sendt ut valkort i posten til alle som står i manntalet. Dersom du ikkje har fått valkort innan 10.08.2015, bør du ta kontakt med kommunen for å sjekka om du står i manntalet. Valkortet bør takast med når du kjem for å røysta, det lettar arbeidet for røystemottakar.  



Utlegging av manntal til offentleg ettersyn
Etter vallova § 2-6 skal valstyret leggja manntalet ut til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera.

Manntalet for Samnanger kommune ligg ute til offentleg ettersyn til og med valdagen 14.09.2015. 

For å kunna røysta ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 må du stå i manntalet. Du kan finna ut om du står i manntalet i Samnanger kommune ved å kontrollera manntalet som er lagt ut på følgjande stader: 

- Kommunehuset
- Spar Tysse
- Kiwi Bjørkheim

Krav om innføring i manntalet må fremjast skrifteleg til:
Valstyret i Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
eventuelt på epost: postmottak@samnanger.kommune.no

For meir informasjon, sjå lenke: 
https://www.regjeringen.no/no/portal/valg/stemmerett-og-manntall/id2340224/




Offisielle vallister til kommunestyrevalet 2015
Valstyret i Samnanger kommune har godkjent desse listeframlegga til kommunestyrevalet 2015:


Dei offisielle vallistene er lagt ut her på nettsida til Samnanger kommune og i ekspedisjonen på kommunehuset. (Ved å klikka i lista ovanfor får du opp vallista for det aktuelle partiet). Nedanfor er det lagt ut ei fil med alle vallistene samla.
 


Listeframlegg til kommunestyretvalet 2015
Fristen for innlevering av listeframlegg var tysdag 31.03.2015 kl. 12.00.

Det kom inn 7 listeframlegg:  

  • Arbeiderpartiet
  • Bygdalista
  • Framstegspartiet
  • Høgre
  • Kristeleg Folkeparti
  • Miljøpartiet dei grøne
  • Senterpartiet


Alle listeframlegga vart godkjende av valstyret 20.05.2015. 



Valkrinsar og røystelokale
Valstyret vedtok 10.09.2014 at det vert tre røystekrinsar i Samnanger kommune ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2015:

Røystekrinsar 2015
Røystekrins Røystelokale
Nordbygda Nordbygda grendahus
Gjerde Nesodden bedehus
Tysse Samnanger ungdomsskule

 
Før valet vil det bli sendt ut valkort til innbyggjarane i kommunen. På valkortet vil det mellom anna vera informasjon om kva røystestad den enkelte veljar skal nytta.

Ved stortings- og sametingsvalet i 2013 var det sju røystekrinsar i kommunen. Nedanfor finn du oversikt over kva gamle røystekrinsar som inngår i dei nye røystekrinsane.

  • Nordbygda røystekrins består av følgjande tidlegare røystekrinsar: Rolvsvåg og Nordbygda.
  • Gjerde røystekrins er identisk med røystekrinsen som tidlegare heitte Steinsland.
  • Tysse røystekrins består av følgjande tidlegare røystekrinsar: Tveit, Frøland, Sandvik og Tysse.
     


Møteprotokollar og sakspapir for valstyret
Møteprotokollar og sakspapir for valstyret finn du her.

Publisert av Jan Erik Boge. Sist endra 16.06.2017